Julekveld

Julaftan. Eit rom på eit slite pensjonat i ein by. To brør i tenåringsalder. Prøver å lage julestemning. Refererer til søstera som ikkje er der, men som har komme saman med dei til byen. Dei har ikkje pengar, søstera har tydeleg gått ut for å skaffe det, på ein eller annan måte (prostituere seg). Bakgrunnen deira blir sakte avdekka. Foreldra døde i ulykke. Ingen pengar, inga utdanning, men dei ser for seg ei lys framtid no då dei har komme til byen.
Søstera kjem, har med seg ein mann. Rik og usympatisk. Vil ha brørne ut, vil vere åleine med søstera. Etter litt krangling, der mannen blir trugande, går dei ut i kvelden. Dei står på eit hjørne og røyker og frys. Ein engel kjem forbi, ønskjer dei god jul og seier at dei kanskje bør gå tilbake til søstera. Dei går tilbake til rommet, høyrer søstera skrik, ho blir banka opp av den framande mannen. Brørne går til angrep på han, søstera tar ei lysestake og drep han. Dei tar pengane hans og gøymer liket under senga. Eine broren går ut for å handle julemat og gåver på ein bensinstasjon. Juleklokkene begynner å kime. Søstera og den eine broren snakkar om den lyse framtida. Ventar og ventar på at den andre broren skal komme att.

70 min Målgruppe: U Publikum: U

Detaljer

  • Manus id: 10316
  • Forfatter: Ragnar Hovland
  • Kategori: Drama
  • Språk: Norsk, nynorsk
  • Registrert: 11.04.2019
  • Tilgjengelig: Ja

Roller

  • 3 Menn
  • 2 Kvinner
  • 0 Barn

Merknad

+ en engel og en hund
DUS-manus