Verkeleg

Vi er i ei framtid, i ei verd der alle sit i stovene sine og ser TV og venter på at noko skal skje. Venterommet, der Bille, Rosa, Lilly, Ann og Charlotte Bull møtest, er, utan at dei sjølv veit det, åstaden for eit realitydrama, "Verkeleg". Det er på dette venterommet vi skal få sjå kor langt Bille er villig til å gå for få synge på TV...
BILLE vandrar frå audition til audition: Den største draumen er å få synge på TV. ROSA er lei av å sjå fjernsyn og på jakt etter nokon som kan sjå henne. Ho har forlatt ANN, kjærasten, fordi Ann ikkje ser henne - berre TVen. LILLY er farlaus, utstøytt av "dei der ute" (TV-sjåarane), og henta inn av TV-selskapet til LASSIE, som produserer programmet Verkeleg. CHARLOTTE BULL er tidlegare sangstjerne og ekskjærasten til Lassie. ANN er tilsett av Lassie for å passe på at Charlotte ikkje skal kome inn og sjå kor djupt han har sunke.
Dei er alle samla på venterommet, av ulike grunnar: Bille trur ho står i kø for å kome inn på audition, Rosa er der fordi ho trur dette er staden ein blir sett. Lilly er blitt henta, og har ingen andre stader å gå. Charlotte Bull er trøytt og einsam, og håper Lassie vil kome ut og sjå henne, slik at dei kan leve lykkeleg saman resten av livet.

60 min Målgruppe: U/V Publikum: U/V

Detaljer

  • Manus id: 9630
  • Forfatter: Gyrid Axe Øvsteng
  • Kategori: Drama
  • Språk: Norsk, nynorsk
  • Registrert: 13.01.2010
  • Tilgjengelig: Ja

Roller

  • 0 Menn
  • 7 Kvinner
  • 0 Barn

Merknad

DUS-manus